20.11.07

Koss å skrive ein god nynorsktekst, del 1

Ein høyrer ofte om at folk slit med nynorsken. Det er vanskeleg å skrive nynorsk, blir det sagt. Dette stemmer ikkje i det heile, du må berre følgje nokre reglar. Eg snakkar ikkje om grammatikkreglar, men heilt andre reglar for koss du skal føre språket, og ikkje minst kva du skal og ikkje skal skrive om, som er mykje viktigare enn grammatikk.

Framover kjem eg med ei rekkje reglar, som til saman utgjer eit nynorskkurs. Her er den første regelen:

1. Du må vere ironisk og/eller satirisk, gjennomført gjennom heile teksten.
Ein nynorskar kan ikkje skrive til dømes "dama var overvektig." Han må skrive "skapnaden, som etter alt å døme var hokjønn grunna a) lukeparkeringa ho nesten gjennomførte og b) to utvekster på kroppen som byrja på bringa og strakte seg som to slunkne beverhalar nedetter magen og stogga rett over bikinilinja, sannsynlegvis i angst, var i ein slik lekamleg forfatning at det var heilt tydeleg at ho hadde for vane å ete dessertane sine."

Hugs at du blir lettare tilgjeven for overtramp og injurier når du skriv nynorsk, rett og slett av di nynorsken får deg til å høyrest mindre erfaren og meir hjelpelaus enn det du eigentleg er. Dersom ein politisk korrekt miljøinteressert høgt løna 40 år gamal mann hiv egg på kongen, blir han straffa, av di han ser tilrekneleg ut, og snakkar standard austnorsk. Ein lusekofte-tjukkas med vestlandsmål som gjer det same, blir ledd av.

Difor: Flesk til, ingen straffar deg.





Illustrasjonsfoto: Mann frå bygd som på klingande vestlandsmål fortel lensmansdottera i den same bygda at ho har altfor tjukk ræv. Som de ser, tar ho ikkje dette alvorleg i det heile, hovudsakleg grunna vestlandsmålet hans.

2 comments:

Anonymous said...

haha, eg trur dette må vere kriteria eg vurderer nynorsktekstar ut frå. Men eg synest det er dumt at du ikkje lenger inkluderer englane

Arne Olav said...

Det er kan hende dumt, men eg ventar med dei til dei dalar ned i skjul i jula ein gong.