27.9.07

Støtt dei fredelege demonstrasjoane mot militærdiktaturet i Burma

i morgon, fredag 28. september, ved å bere ei raud skjorte.

Ein lettfatteleg artikkel om stoda i Burma finn du her.

24.9.07

Skagen Fondene

Stavanger Aftenblad skriv at trioen bak Skagen Fondene (ja, slik blir det skrive) er milliardærar.

Eit lite tips til å investere pengar kan vel vere betimeleg, trass i at det er nettopp dette dei lever av: Eg føreslår å bruke nokre kroner av milliardane på ein korrekturlesar.

23.9.07

Har moral, men manglar 25 kroner

På laurdag var eg parkeringsvakt for Viking, før og under kampen mot Ålesund. Eg sto altså og tok betaling, kroner 25, og peika på kor folk kunne parkere.

Opp gata inn mot parkeringsplassen, der eg sto, kom køyrande ein gråhåra mann i ein stor, svart bil, og eg kjende umiddelbart igjen bispen, Ernst Baasland, i førarsetet. No er eg ikkje tilhengar av å tillegge biskopar høgare moral enn vanlege folk, men akkurat Baasland trur eg på. Eg trur rett og slett Baasland er ein tvers igjennom real kar, han har rak rygg og god moral, slike gutar som gamle Noreg vil ha.

Det han derimot ikkje hadde i det han køyrde mot parkeringsplassen og eg myndig vinka han til meg (eg er trass alt frå fergefylket Sogn og Fjordane) var 25 kroner. Visakortet var på plass, men ikkje ein sølvpenge laust.

Biskpar er ålreite dyr, i alle høve nokre av dei. Hadde dette vore Kvarme, hadde eg kan hende nekta han adgang før han kunne gje meg pengane (sjølv om eg strengt tatt ikkje kunne ha gjort det. Men, hei -- eg er frå fergefylket Sogn og Fjordane og kan vinke folk i kva retning som helst). Men sjølvsagt fekk Baasland adgang til parkeringsplassen, mot å love å betale 50 kroner neste gong. Noe han heilt sikkert gjer, sidan han har evige trugsmål om alvorlege ting hengande over seg viss han lyg og svindlar.

Og Viking vann, gjorde dei ikkje? Spør du Märtha Louse, er det slett ikkje sikkert dei hadde vunne utan ein mann med så god kontakt med englane som Baasland på tribuna.

21.9.07

Klimakvoter til sals i Stavanger og omegn

Eg byrja eit nytt tilvere med ny jobb 1. august. Poenget med å nemne det her, er det at eg samstundes byrja å sykle til (og frå) jobb, og følgjeleg har vi greidd å kvitte oss med ein av bilane i hushaldninga.

Dermed forureinar eg nokså lite, og tenkte at det kan kome andre til nytte. Dersom eg då har redusert klimagassutslippa i familien vår med 50% gjennom å slutte å køyre bil (eg køyrde svært mykje meir rundt om kring enn ho eg er gift med, så 50% er eit realistisk overslag, dersom ein justerer for resten av faktorane som bidrar til forureining (forbruk, straum, etc.).

Dermed har eg ein god del prosent å gå på. Eg vil derfor leggje ut ca. 25% på marknaden, slik at latsekkar kan kjøpe seg ut av ei moralsk knipe ved å betale meg per tur. Eg sel 50% av det reduserte forbruket vårt, og dersom eg legg det til 50%-reduksjonen min, kjem eg opp i 75% reduksjon, ikkje 50. Det er likevel ganske mykje, og vil bidra til miljøet.

Eg tar betalt i antal kilometer med bil, og kvota eg sel er då tilsvarande det antalet kilometer med bil vår familie køyrer innanfor rammene til dei 25% eg legg ut på marknaden. 25% av det antalet kilometer vi køyrer, til dømes i løpet av ein dag. Viss familien min har køyrt 10 mil til dagen i snitt, dette er redusert med 50% og eg har lagt på ei 25%-kvote, sel eg altså 2,5 mil til dagen.

Prisen er på utrulege (låge) 100 kroner kilometeren. Gje melding her til bloggs, så ordnar vi pengane i ein grå konvolutt under ei eller anna bru.

16.9.07

Valgerd les dampande erotikk

I samband med at det er 50 år sidan Agnar Mykles Sangen om den røde rubin blei forboden i Noreg, skal Valgerd Svarstad Haugland lese utdrag frå denne boka. Dette skal skje på Nobels Fredssenter, som eit slags ytringsfridomsstatement.

Omgrepet "glede" vil eg tru kan drøftast på mange måtar, frå eit utall vinklar. Eg vil tru at det er ein lite kontroversiell påstand at du ikkje veit kva glede er viss du ikkje har ei oppfatting av det motsette, "ikkje-glede." Vi kunne jo aldri ha snakka om ein bein strek viss det ikkje eksisterte oppfattingar av krokete strekar.

Slik vil det naturleg nok forhalde seg med dei erotiske gledene òg, og eg har ved å lese om Valgerds dampande stunt på Fredssenteret funne mine erotiske fanatsiars antitese, mi krokete linje. Eg trudde lenge Vibeke Seter hadde etablert seg i min generasjon som det optimale aseksuelle vesenet, men i vaksen alder ser eg at ho har blitt solid erstatta av Valgerd.

Slik sett kan denne høgtlesinga sjåast på som ein installasjon, eller ein montasje. Eg kan ikkje tenkje meg eit større eksperiment med paradoksa og kontrastane enn det å høyre (og sjå) Valgerd lese om at Ask Burlefot stryk ei kvinne ømt over beverpelsen.

Lat oss alle håpe at det ikkje finst teikn til dramatisering i framføringa hennar.

PS: Dette med ordet beverpelsen og dømet frå rettssaka der dette blei nemnt, er for øvrig ei vandrehistorie. Ordet beverpels førekjem ikkje i noen av bøkene til Mykle, men sidan alle lèt til å tru det, fungerer det som døme i denne samanhengen. Dessutan er eg ein tilhengar av å ikkje øydeleggje gode historier med fakta.

PS 2: Ein bokhandel i Stavanger hadde for nokre år sidan sal på Mykles bøker, og reklamerte med låge prisar på boka Lasso rundt fru Lunde. Morosamt.