3.1.10

Apar utan rytmesans

Forsking.no skriv at dersom du gjev ein apekatt ei trommestikke, vil han ikkje greie å halde takta. Den manglande rytmesansen er mellom anna årsaka til at apekatten ikkje har språk.

Mykje det same kan seiast om trommisen i Metallica, Lars Ulrich. Gje han trommestikker, og han greier ikkje å halde takta. Han snakkar òg til alt overmål dansk, så han er nærast å rekne som språklaus. Teorien kan dermed sjåast på som bevist ved hjelp av Metallica.

27.10.08

Biskop Baasland som ny president på Island

Island treng ny leiing, og sidan eg reknar med bispen i Stavanger bispedømme, Ernst Baasland, er på jakt etter ny jobb snart, slår eg føre Baasland som president på Island. For kva treng Island? Jo, pengar. Og kva er Baasland flink til å skaffe? 

Nettopp, skarpe lesar, han er ekspert på å lene seg på fromme bedehusfolk med dårlege investeringsidear (eg meiner, sjå på fjeset til investeringsobjektet og spør deg sjølv kor mange kroner du ville ha gjeve han).

Illustrasjonsfoto: Tryne berre ei mor kan elske.



6.10.08

1 av 3 er trøytte etter jobb


... skriv NA24.no.

Rart. Det skulle ikkje forundre meg om at vi snart får høyre om at folk blir våte etter å ha dusja òg. Eller varme etter å ha vore i badstu. Det er sikkert over 1 av 3 som opplever at håret har endra seg etter at dei har vore hos frisøren, eller at magen utvidar seg etter middag.







Illustrasjonsfoto: Dame som er blant dei få som opplever at ho ikkje blir våt
av å dusje.

26.2.08

Mystisk funn av daude duer og kokosnøtter

Stavanger Aftenblad melder at det er gjort fleire funn av duer med knekt nakke saman med halve kokosnøtter, og det blir spekulert i om det er eitt eller anna rituelt på gang her.

Men herregud, er det ingen her som har sett Monty Python and the Holy Grail? Det det er tale om her, er folk som gjer svale-eksperimentet, og blir så forbanna når dei oppdagar det er duer dei har i staden for svaler, at dei vrir hovudet av på dei.

21.2.08

Koret Skattekista får ikkje gje ut CD


Og vi registrerer at koret Skattekista frå Høle i Sandnes kommune ikkje får stønad frå kommunen til å gje ut CD.

Dermed går vi glipp av ein skikkeleg godbete, tenkjer eg.

Illustrasjonsfoto: Kåre, den yngste av to tenorar i Skattekista, avbilda i Høle sentrum ein laurdags føremiddag. Bildet er teke rett før han set Høle-rekord i stavsprang.

Brann på solsenter i Danmark

Einkvan spring rundt og set fyr på solarium i København. Endeleg er det ein av oss, dei bleike og feite, som aksjonerer mot dei veltrente og solbrune! Få solariuma vekk, men syt føre at ingen av dei solbrune blir skadde. Det er ikkje naudsynt.

24.11.07

Lærarar og ekstrainntekter

Det står å lese i avisene at ein italiensk kvinneleg lærar har blitt oppsagt av di ho spelte inn pornofilmar på fritida. Elevane oppdaga dette og klistra opp bilete av ho på skulen.

Skal det vere umogleg for lærarar å tene ein slant på pornofilmar på fritida òg, no?

Lærarhetsen kjenner ingen grenser.

22.11.07

Kva om det går steingale?

Eg har av og til ein tendens til å engste meg for ting som i røynda ikkje er noe å engste seg for. Eg er til dømes redd for kortvokste menn, av di historia har vist at dei kortvokste mennene er svært farlege (Mao, Napoleon, Hitler, Mussolini, Franco, etc.). Eg engstar meg óg for alle tilsetjingsstoffa i maten, for alt som kan gå gale på sykkelturen heimefrå og til jobb, for tjukke damer utan BH med pedagogisk utdanning og keramikkøyredobbar, osv.

Men denne gongen er det annleis, for dette trur eg verkeleg kan gå gale. På CERN-laboratoriet i Sveits har dei laga ein svær underjordisk tunnell som inneheld ein aksellerator for små partiklar. Dette har eg ikkje greie på, men eg forstår at dei i denne tunnellen kjem til å sende to av desse partiklane i usannsynleg stor fart mot kvarandre, for å få dei til å kollidere. Dette vil utløyse valdsame reaksjonar, så valdsame at dei kan samanliknast med alt stresset som skjedde då sjølvaste universet blei til.

Så langt høyrest det berre ut som eit overdimensjonert eksperiment, litt som Petter Stordalen på kjemilabben. Men det er dette som får meg til å bli bekymra:

Etter teorien vil det nemleg dukke opp partiklar vi aldri før har sett! Som ein professor i eksperimentell (herregud!) partikkelfysikk seier det:
Ingen vet helt hva vi kommer til å få se. Men jeg føler meg sikker på at LHC kommer til å åpne et nytt vindu i vår forståelse av hvordan universet henger sammen.
Ingen veit heilt kva som vil skje? Dette er så enkelt at sjølv ungar forstår det: Kva om vi får sjå partiklar som et seg ut av tunnellen, sluker heile Sveits for så å ta med seg resten av verda i ein smell av kosmiske dimensjonar, som etterlet heile mjølkevegen som eit einaste stort, svart hol? Dei innrømer jo at dei ikkje veit kva som dukkar opp der nede? Kvifor hiv dei seg ut i eit slikt eksperiment for å skaffe "en teori om alt?" Bør ikkje ein teori om alt byrje med varsame eksperiment av di det angår nettopp noe så omfattande som alt?


Attpåtil skjer dette i 2008, då Stavanger har kulturbystatus.

Illustrasjonsfoto: Ein fysikkstudent har oppdaga ein partikkel han meiner bør aksellererast så fort som råd . Her drøftar dei koss dei skal få partikkelen laus frå tavla.

20.11.07

Koss å skrive ein god nynorsktekst, del 1

Ein høyrer ofte om at folk slit med nynorsken. Det er vanskeleg å skrive nynorsk, blir det sagt. Dette stemmer ikkje i det heile, du må berre følgje nokre reglar. Eg snakkar ikkje om grammatikkreglar, men heilt andre reglar for koss du skal føre språket, og ikkje minst kva du skal og ikkje skal skrive om, som er mykje viktigare enn grammatikk.

Framover kjem eg med ei rekkje reglar, som til saman utgjer eit nynorskkurs. Her er den første regelen:

1. Du må vere ironisk og/eller satirisk, gjennomført gjennom heile teksten.
Ein nynorskar kan ikkje skrive til dømes "dama var overvektig." Han må skrive "skapnaden, som etter alt å døme var hokjønn grunna a) lukeparkeringa ho nesten gjennomførte og b) to utvekster på kroppen som byrja på bringa og strakte seg som to slunkne beverhalar nedetter magen og stogga rett over bikinilinja, sannsynlegvis i angst, var i ein slik lekamleg forfatning at det var heilt tydeleg at ho hadde for vane å ete dessertane sine."

Hugs at du blir lettare tilgjeven for overtramp og injurier når du skriv nynorsk, rett og slett av di nynorsken får deg til å høyrest mindre erfaren og meir hjelpelaus enn det du eigentleg er. Dersom ein politisk korrekt miljøinteressert høgt løna 40 år gamal mann hiv egg på kongen, blir han straffa, av di han ser tilrekneleg ut, og snakkar standard austnorsk. Ein lusekofte-tjukkas med vestlandsmål som gjer det same, blir ledd av.

Difor: Flesk til, ingen straffar deg.





Illustrasjonsfoto: Mann frå bygd som på klingande vestlandsmål fortel lensmansdottera i den same bygda at ho har altfor tjukk ræv. Som de ser, tar ho ikkje dette alvorleg i det heile, hovudsakleg grunna vestlandsmålet hans.

27.9.07

Støtt dei fredelege demonstrasjoane mot militærdiktaturet i Burma

i morgon, fredag 28. september, ved å bere ei raud skjorte.

Ein lettfatteleg artikkel om stoda i Burma finn du her.