19.8.07

Svigerfaren frå Helvete er daud, leve svigerforeldra frå Helvete!

Dette gjeld kongehuset, som er ei uutømeleg kjelde til spas, og eg vil i dag glede meg over følgjande:

Ikkje før Sven-O tok kvelden, signe minnet, og med sin bortgang la ei skodde av kjedsommelegheit over kongehuset, entra ekteparet Bein scena. Det vil seie: Dei har gifta seg igjen for tredje gong, alt grunna styret rundt sonen Ari og englefru M-Lou.

Og desse to, altså ekteparet Bein, har eg verkeleg trua på: Gammalhippiar med sans for englar (ja, dei òg) hamp (vil eg tru -- goes with the territory) og fri kjærleik (seier dei sjølv) -- slikt treng kongehuset (Queen-S og H-Rex, Mette-Minus og Big-H) i fråver av Sven-O.

Eg skulle verkeleg ha likt å vore fluge i suppa under ein av dei komande familiemiddagane.

6.8.07

Lat ikkje englane nyse på deg

Märtha Louise Behn har starta ein skule der ho gjer deg i stand til å pleie omgang med englar.

Eg vil med dette på vegner av meg sjølv og Foreininga for 3 rekneartar ta avstand frå dette, av hygieniske årsaker. Englar er fjørkledde, og minglar med duer og liknande. Desse ber med seg parasittar. Englekontakt gjer deg dermed sjuk.

Vidare er det tilrådeleg å halde seg vekke frå englar dersom fugleinfluensaen kjem til Noreg, og i alle høve er det lurt å halde seg på avstand frå englane, heilt til influensaen er under kontroll.