19.4.07

6000 år er nok: Min kamp skal kronast med siger,

og den sigeren skal vinnast saman med Unge Høgre.

Unge Høgre går til felttog mot nynorsken under parolen "100 år er nok." Som kløktige lesarar av denne bloggen veit, støttar eg logikken til Høgre fullt ut: Ved å kutte ut nynorsken som skriftspråk, i alle høve til anna enn dikt og liknande fjas, får ein betre tid til å lære seg bokmål. Dette er enkel matematikk.

Eg held derfor oppe motstanden min mot at vi skal ha opplæring i heile 4 rekneartar, og føreslår å kutte ut reknearten subtraksjon under parola "6000 år er nok." Eg er litt usikker på kor lenge vi eigentleg har halde på med subtraksjon som matematisk disiplin, men vi har i alle høve subtrahert på fritida i minst 6000 år. Dessutan er subtraksjonen matematikkens Siv Jensen, negativt og surt, så denne reknearta er eit godt utgangspunkt.

2 comments:

Anonymous said...

Hei! Kom tilfeldigvis over bloggen din i Google-leitinga etter informasjon. Er nemleg på jakt etter å få vete korleis får fatt i eit snedig domenenamn til den nye bloggen min. Korleis fekk du http://virtuelvis.net/ til den gamle bloggen din, og kva var årsaka til at du byta? (: Forresten ser dette ut som ein lekker blogg. Spørst om eg ikkje må halde eit auge med denne sida.

Arne Olav said...

Hei, Janne! Eg hugsar ikkje heilt koss eg kom på Virtuelvis-namnet, men eg registrerte det i alle høve på dotster. Denne bloggen er lite oppdatert i det siste, hovudsakleg på grunn av at eg har mykje å gjere, og at det eg gjer bloggar eg på www.iktogskole.no, men eg kjem likevel til å nytte denne bloggen som ein kanal for oppdemma pisspreik :-)