20.11.06

Norsk fy-ordliste

Eg er i ferd med å utarbeide ei norsk fy-ordliste. Eit fy-ord er eit ord som bør ut av det norske språket, og mykje likt Ivar Aasen tar eg på meg å samle desse orda, med forslag til koss vi skal handsame ordet og føre det tilbake i språket vårt, eventuelt erstatte det.

Sensuell

Dette ordet blir brukt på to måtar:

a) om noe som du ikkje heilt veit kva er, sidan verken intellektet eller ordforrådet ditt ikkje strekk til: ”Denne filmen var så sensuell”, ”Ein sensuell matrett”; og

b) om noe du blir seksuelt opphissa av, men der du ikkje torer innrømme det: ”Jørn Hoel er så sensuell” (ofte sagt av ei (i situasjonen) passe lubrikert, middelaldrande dame).

Når det gjeld a) er denne bruken mest utbreidd blant kulturjournalistar, og særleg dei som likar Bob Dylan. Under b) kan ein direkte omsetje ordet med ”seksuell”. Dette ordet blir oftast brukt av kvinner, men også av kvinnoider, som til dømes østrogenrike, mannlege (sett frå ein biologisk ståstad) lærar- eller sosialhøgskulestudentar.

Leksikalsk permisjonsforslag:

Ordet bør fjernast i ein tiårsperiode og deretter førast inn igjen gradvis. Kvinneblad (KK, Det Nye og Dagbladet, til dømes) bør ikkje få lov til å bruke dette ordet før i 2025, etter ei grundig opplæring, og det bør innførast sanksjonar for høgfrekvent bruk av ordet (vanleg blant kvinner mellom 25 og 45).

I svært mange tilfelle vil adjektivet "god" vere eit alternativ.

2 comments:

Anonymous said...

God knall! Di grundige utgreiing gjer at eg støttar forslaget om forbod fullt ut. Mors sensuelle kjøtkaker og avkokt kål.

Arne Olav said...

Viss kjøtkakene til mor di nokon gong har blitt karakterisert som sensuelle, vil eg gjerne smake dei.