27.10.06

Dei fullstendig unødvendige fire rekneartane

Ein ting har irritert meg særleg i det siste: Det at vi på daud og liv skal ha heile fire rekneartar.

Det heile er nokså enkelt og opplagt: Fire rekneartar er heilt unødvendig, og den minst nødvendige reknearten må vere deling. Vi deler jo minimalt likevel, og kva er då vitsen med å kaste vekk store ressursar i skulen på å undervise i dette? Ved å kutte ut divisjon får ein meir tid til addisjon og multiplikasjon, og ein frigjer sannsynlegvis også ressursar til andre og viktigare oppgåver, som til dømes bokmålsundervising. I tillegg skapar ein mindre frustrasjon, for det er jo faktisk slik at elevar slit særleg med deling i matematikken. Kva skal vi eigentleg med ein rekneart som berre tek opp tid og berre skapar frustrasjon blant elevane? Elevar stryk over skor lågare enn badetøflar grunna denne blindtarmen av ein rekneart, og dette kan enkelt unngåast.

Med dette er Landsorganisasjonen for tre rekneartar (LFTR) skipa, under følgjande motto: "Den som dividerer fallerer." Målet er å gje dei unge i dag betre bokmålsopplæring. Gje meg ei melding med ei kort grunngjeving, og du vil bli medlem.

6 comments:

Siri said...

Eg ønskjer å bli medlem fordi eg meiner at alt eg ikkje allereie kan, er tåpeleg.

VirtuElvis said...

Svært god grunngjeving, og medlemsskapen er einstemmig (i dobbel forstand) innvilga.

glpooen said...

haha

Odin said...

Jeg driver med fildeling. Jeg regner ikke å regne med deling da.

VirtuElvis said...

Heilt klårt. Fildeling er kan hende noe som burde ha erstatta vanleg deling?

Odin said...

Kunnskapsløftet sier jo en del om at elever skal opparbeide seg kompetanse i bruk av digitale verktøy - og da er kanskje fildeling mer på sin plass en deling (også kalt divisjon). Hvorfor lære om divisor, divident og rest når du egentlig har bruk for å vite noe om torrent-filer, TCP/IP og WinRAR?