19.8.07
Svigerfaren frå Helvete er daud, leve svigerforeldra frå Helvete!
Ikkje før Sven-O tok kvelden, signe minnet, og med sin bortgang la ei skodde av kjedsommelegheit over kongehuset, entra ekteparet Bein scena. Det vil seie: Dei har gifta seg igjen for tredje gong, alt grunna styret rundt sonen Ari og englefru M-Lou.
Og desse to, altså ekteparet Bein, har eg verkeleg trua på: Gammalhippiar med sans for englar (ja, dei òg) hamp (vil eg tru -- goes with the territory) og fri kjærleik (seier dei sjølv) -- slikt treng kongehuset (Queen-S og H-Rex, Mette-Minus og Big-H) i fråver av Sven-O.
Eg skulle verkeleg ha likt å vore fluge i suppa under ein av dei komande familiemiddagane.
6.8.07
Lat ikkje englane nyse på deg
Eg vil med dette på vegner av meg sjølv og Foreininga for 3 rekneartar ta avstand frå dette, av hygieniske årsaker. Englar er fjørkledde, og minglar med duer og liknande. Desse ber med seg parasittar. Englekontakt gjer deg dermed sjuk.
Vidare er det tilrådeleg å halde seg vekke frå englar dersom fugleinfluensaen kjem til Noreg, og i alle høve er det lurt å halde seg på avstand frå englane, heilt til influensaen er under kontroll.
19.4.07
6000 år er nok: Min kamp skal kronast med siger,
Unge Høgre går til felttog mot nynorsken under parolen "100 år er nok." Som kløktige lesarar av denne bloggen veit, støttar eg logikken til Høgre fullt ut: Ved å kutte ut nynorsken som skriftspråk, i alle høve til anna enn dikt og liknande fjas, får ein betre tid til å lære seg bokmål. Dette er enkel matematikk.
Eg held derfor oppe motstanden min mot at vi skal ha opplæring i heile 4 rekneartar, og føreslår å kutte ut reknearten subtraksjon under parola "6000 år er nok." Eg er litt usikker på kor lenge vi eigentleg har halde på med subtraksjon som matematisk disiplin, men vi har i alle høve subtrahert på fritida i minst 6000 år. Dessutan er subtraksjonen matematikkens Siv Jensen, negativt og surt, så denne reknearta er eit godt utgangspunkt.
28.11.06
Kven åt den første hummaren?
23.11.06
22.11.06
Al Jazeera og teknologi
Og så kunne eg ha kome med ein småløyen kommentar her om at dei vel seg ein bombesikker teknologi, men det gjer eg ikkje. Slikt held eg meg for god for.
20.11.06
Norsk fy-ordliste
Eg er i ferd med å utarbeide ei norsk fy-ordliste. Eit fy-ord er eit ord som bør ut av det norske språket, og mykje likt Ivar Aasen tar eg på meg å samle desse orda, med forslag til koss vi skal handsame ordet og føre det tilbake i språket vårt, eventuelt erstatte det.
Sensuell
Dette ordet blir brukt på to måtar:
a) om noe som du ikkje heilt veit kva er, sidan verken intellektet eller ordforrådet ditt ikkje strekk til: ”Denne filmen var så sensuell”, ”Ein sensuell matrett”; og
b) om noe du blir seksuelt opphissa av, men der du ikkje torer innrømme det: ”Jørn Hoel er så sensuell” (ofte sagt av ei (i situasjonen) passe lubrikert, middelaldrande dame).
Når det gjeld a) er denne bruken mest utbreidd blant kulturjournalistar, og særleg dei som likar Bob Dylan. Under b) kan ein direkte omsetje ordet med ”seksuell”. Dette ordet blir oftast brukt av kvinner, men også av kvinnoider, som til dømes østrogenrike, mannlege (sett frå ein biologisk ståstad) lærar- eller sosialhøgskulestudentar.
Leksikalsk permisjonsforslag:
Ordet bør fjernast i ein tiårsperiode og deretter førast inn igjen gradvis. Kvinneblad (KK, Det Nye og Dagbladet, til dømes) bør ikkje få lov til å bruke dette ordet før i 2025, etter ei grundig opplæring, og det bør innførast sanksjonar for høgfrekvent bruk av ordet (vanleg blant kvinner mellom 25 og 45).
I svært mange tilfelle vil adjektivet "god" vere eit alternativ.
27.10.06
Dei fullstendig unødvendige fire rekneartane
Det heile er nokså enkelt og opplagt: Fire rekneartar er heilt unødvendig, og den minst nødvendige reknearten må vere deling. Vi deler jo minimalt likevel, og kva er då vitsen med å kaste vekk store ressursar i skulen på å undervise i dette? Ved å kutte ut divisjon får ein meir tid til addisjon og multiplikasjon, og ein frigjer sannsynlegvis også ressursar til andre og viktigare oppgåver, som til dømes bokmålsundervising. I tillegg skapar ein mindre frustrasjon, for det er jo faktisk slik at elevar slit særleg med deling i matematikken. Kva skal vi eigentleg med ein rekneart som berre tek opp tid og berre skapar frustrasjon blant elevane? Elevar stryk over skor lågare enn badetøflar grunna denne blindtarmen av ein rekneart, og dette kan enkelt unngåast.
Med dette er Landsorganisasjonen for tre rekneartar (LFTR) skipa, under følgjande motto: "Den som dividerer fallerer." Målet er å gje dei unge i dag betre bokmålsopplæring. Gje meg ei melding med ei kort grunngjeving, og du vil bli medlem.
23.10.06
Kjempane og gnomane

Evolusjonsbiologen Oliver Curry har grubla på det mange av oss grublar på frå tid til anna: Kor går vi? Curry har funne ut at vi går i retning av to ulike menneskevariantar; ein genetisk overlegen høg og intelligent variant, og ein genetisk underlegen låg og dum variant. Som tatt rett ut av eit dataspel, eller av "Nisser og dverge," eller "Snehvit," med andre ord. Dei genetisk overlegne vil altså bli nokså høge, bortimot 210 cm., og i tillegg vil dei ha "deeper voices, and larger penises." Mennene, håper eg. Dei andre, gnomane, blir karakterisert som "dim-witted, ugly, squat goblin-like creatures."
Dette er påfallande likt koss ein gjerne karakteriserer skilnadene mellom den fjerne og fåmælte jærbuen, der han lutrygga går rundt og lurer på kva stein han skal stable oppå kva stein det no måtte vere mogleg å stable på, og den ranke nord-vestlendingen, frå Sogn og opp mot grensa til Trøndelag (unnateke Sunnfjord, sjølvsagt). Vi har, innanfor ei lita kyststripe, samla eit case-studium av menneskeslekta slik ho vil bli om 100 000 år: Gnomane på Jæren og overmennesket frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.