24.11.07

Lærarar og ekstrainntekter

Det står å lese i avisene at ein italiensk kvinneleg lærar har blitt oppsagt av di ho spelte inn pornofilmar på fritida. Elevane oppdaga dette og klistra opp bilete av ho på skulen.

Skal det vere umogleg for lærarar å tene ein slant på pornofilmar på fritida òg, no?

Lærarhetsen kjenner ingen grenser.

22.11.07

Kva om det går steingale?

Eg har av og til ein tendens til å engste meg for ting som i røynda ikkje er noe å engste seg for. Eg er til dømes redd for kortvokste menn, av di historia har vist at dei kortvokste mennene er svært farlege (Mao, Napoleon, Hitler, Mussolini, Franco, etc.). Eg engstar meg óg for alle tilsetjingsstoffa i maten, for alt som kan gå gale på sykkelturen heimefrå og til jobb, for tjukke damer utan BH med pedagogisk utdanning og keramikkøyredobbar, osv.

Men denne gongen er det annleis, for dette trur eg verkeleg kan gå gale. På CERN-laboratoriet i Sveits har dei laga ein svær underjordisk tunnell som inneheld ein aksellerator for små partiklar. Dette har eg ikkje greie på, men eg forstår at dei i denne tunnellen kjem til å sende to av desse partiklane i usannsynleg stor fart mot kvarandre, for å få dei til å kollidere. Dette vil utløyse valdsame reaksjonar, så valdsame at dei kan samanliknast med alt stresset som skjedde då sjølvaste universet blei til.

Så langt høyrest det berre ut som eit overdimensjonert eksperiment, litt som Petter Stordalen på kjemilabben. Men det er dette som får meg til å bli bekymra:

Etter teorien vil det nemleg dukke opp partiklar vi aldri før har sett! Som ein professor i eksperimentell (herregud!) partikkelfysikk seier det:
Ingen vet helt hva vi kommer til å få se. Men jeg føler meg sikker på at LHC kommer til å åpne et nytt vindu i vår forståelse av hvordan universet henger sammen.
Ingen veit heilt kva som vil skje? Dette er så enkelt at sjølv ungar forstår det: Kva om vi får sjå partiklar som et seg ut av tunnellen, sluker heile Sveits for så å ta med seg resten av verda i ein smell av kosmiske dimensjonar, som etterlet heile mjølkevegen som eit einaste stort, svart hol? Dei innrømer jo at dei ikkje veit kva som dukkar opp der nede? Kvifor hiv dei seg ut i eit slikt eksperiment for å skaffe "en teori om alt?" Bør ikkje ein teori om alt byrje med varsame eksperiment av di det angår nettopp noe så omfattande som alt?


Attpåtil skjer dette i 2008, då Stavanger har kulturbystatus.

Illustrasjonsfoto: Ein fysikkstudent har oppdaga ein partikkel han meiner bør aksellererast så fort som råd . Her drøftar dei koss dei skal få partikkelen laus frå tavla.

20.11.07

Koss å skrive ein god nynorsktekst, del 1

Ein høyrer ofte om at folk slit med nynorsken. Det er vanskeleg å skrive nynorsk, blir det sagt. Dette stemmer ikkje i det heile, du må berre følgje nokre reglar. Eg snakkar ikkje om grammatikkreglar, men heilt andre reglar for koss du skal føre språket, og ikkje minst kva du skal og ikkje skal skrive om, som er mykje viktigare enn grammatikk.

Framover kjem eg med ei rekkje reglar, som til saman utgjer eit nynorskkurs. Her er den første regelen:

1. Du må vere ironisk og/eller satirisk, gjennomført gjennom heile teksten.
Ein nynorskar kan ikkje skrive til dømes "dama var overvektig." Han må skrive "skapnaden, som etter alt å døme var hokjønn grunna a) lukeparkeringa ho nesten gjennomførte og b) to utvekster på kroppen som byrja på bringa og strakte seg som to slunkne beverhalar nedetter magen og stogga rett over bikinilinja, sannsynlegvis i angst, var i ein slik lekamleg forfatning at det var heilt tydeleg at ho hadde for vane å ete dessertane sine."

Hugs at du blir lettare tilgjeven for overtramp og injurier når du skriv nynorsk, rett og slett av di nynorsken får deg til å høyrest mindre erfaren og meir hjelpelaus enn det du eigentleg er. Dersom ein politisk korrekt miljøinteressert høgt løna 40 år gamal mann hiv egg på kongen, blir han straffa, av di han ser tilrekneleg ut, og snakkar standard austnorsk. Ein lusekofte-tjukkas med vestlandsmål som gjer det same, blir ledd av.

Difor: Flesk til, ingen straffar deg.





Illustrasjonsfoto: Mann frå bygd som på klingande vestlandsmål fortel lensmansdottera i den same bygda at ho har altfor tjukk ræv. Som de ser, tar ho ikkje dette alvorleg i det heile, hovudsakleg grunna vestlandsmålet hans.