27.10.06

Dei fullstendig unødvendige fire rekneartane

Ein ting har irritert meg særleg i det siste: Det at vi på daud og liv skal ha heile fire rekneartar.

Det heile er nokså enkelt og opplagt: Fire rekneartar er heilt unødvendig, og den minst nødvendige reknearten må vere deling. Vi deler jo minimalt likevel, og kva er då vitsen med å kaste vekk store ressursar i skulen på å undervise i dette? Ved å kutte ut divisjon får ein meir tid til addisjon og multiplikasjon, og ein frigjer sannsynlegvis også ressursar til andre og viktigare oppgåver, som til dømes bokmålsundervising. I tillegg skapar ein mindre frustrasjon, for det er jo faktisk slik at elevar slit særleg med deling i matematikken. Kva skal vi eigentleg med ein rekneart som berre tek opp tid og berre skapar frustrasjon blant elevane? Elevar stryk over skor lågare enn badetøflar grunna denne blindtarmen av ein rekneart, og dette kan enkelt unngåast.

Med dette er Landsorganisasjonen for tre rekneartar (LFTR) skipa, under følgjande motto: "Den som dividerer fallerer." Målet er å gje dei unge i dag betre bokmålsopplæring. Gje meg ei melding med ei kort grunngjeving, og du vil bli medlem.

23.10.06

Kjempane og gnomane


Evolusjonsbiologen Oliver Curry har grubla på det mange av oss grublar på frå tid til anna: Kor går vi? Curry har funne ut at vi går i retning av to ulike menneskevariantar; ein genetisk overlegen høg og intelligent variant, og ein genetisk underlegen låg og dum variant. Som tatt rett ut av eit dataspel, eller av "Nisser og dverge," eller "Snehvit," med andre ord. Dei genetisk overlegne vil altså bli nokså høge, bortimot 210 cm., og i tillegg vil dei ha "deeper voices, and larger penises." Mennene, håper eg. Dei andre, gnomane, blir karakterisert som "dim-witted, ugly, squat goblin-like creatures."

Dette er påfallande likt koss ein gjerne karakteriserer skilnadene mellom den fjerne og fåmælte jærbuen, der han lutrygga går rundt og lurer på kva stein han skal stable oppå kva stein det no måtte vere mogleg å stable på, og den ranke nord-vestlendingen, frå Sogn og opp mot grensa til Trøndelag (unnateke Sunnfjord, sjølvsagt). Vi har, innanfor ei lita kyststripe, samla eit case-studium av menneskeslekta slik ho vil bli om 100 000 år: Gnomane på Jæren og overmennesket frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.